HARDANGER

SIN KUNSTNARBUSTAD I

BERLIN

 

 

Søknadsfrist

om studieopphald i kunstnarhusværet Hardanger-Berlin 2020 er

1. september 2019

OM ORDNINGA

Kunstnarhusværet i Berlin vart oppretta av Hardangerrådet i 2009. Frå hausten 2016 overtok Hardanger Kunstlag, på vegne av eit spleiselag. I 2019 består spleiselaget av Hardangerkommunane og kunstnarorganisasjonen Harding Puls. I 2019 overtok Eidfjord kommune leigekontrakta, Hardangerrådet hjelper til med administrasjon medan Hardanger kunstlag har ansvar for økonomien.

SØKNAD OM OPPHALD

Opphald kan søkjast av profesjonelle kunstnarar og produsentar i,- eller med tilknyting til Hardanger innanfor alle fagfelt, men ulike faggrupper kan bli prioritert år for år. Søknad om opphald vert lyst ut i juni for opphald påfølgjande år. Det kan søkast om opphald for to veker og inntil 3 månader pr. Kunstnar. - Det kan søkjast om lengre opphald i dei tilfelle der opphaldet er knytt til spesielle kontaktar med institusjonar og liknande.

 

Fylgjande vektleggjast i handsaming av søknadane:

 

  • Kvalitet og framdrift på søkjaren sitt kunstnarlege arbeid fram til tidspunktet for søknad, og søkjaren sitt kunstnariske potensiale for vidare utvikling.
  • Plan for opphaldet.
  • Vis eventuelle kontaktar med institusjonar, nettverk etc.

 

Hardangerrådet tek imot og registrerar søknadane. Tildelinga vert gjort av ei gruppe beståande av representantar frå Hardanger Kulturråd, Harding Puls og Hardanger Kunstlag. Vurderinga skjer i samråd med relevant kunstfagleg kompetanse.
Les meir om søknadskriteria på søknadsskjemaet som du fin
her.

RETNINGSLINJER

  • Besøk må vera avgrensa i tid og omfang, sidan dette er eit studie/arbeidsopphald.
  • Det er ikkje høve til framleige eller utlån til andre.
  • Kunstnarane som får tildelt opphald må betale eit gebyr på kr. 1500 pr. månad, 50 kr pr. døgn.
  • Dei som får tildelt opphald i husværet må presentera noko innanfor sitt kunstnariske virke i ei regional samling i etterkant av opphaldet.

Kriterier for opphald

Brukarane av husværet forpliktar seg til å setja seg inn i og å fylgja husreglane. Husreglane finn du HER.

Husværet ligg i tredje høgd i eit gamalt og sjamerande bygg. Det er enkelt møblert og skal forlatast i den stand det var ved innflytting. Eventuell skade på inventar må erstattast. Feil og manglar skal snarast meldast Hardanger Kunstlag.
Huseigar har avtale med ein kontaktperson i Berlin for tilsyn og praktiske råd.

 

 

Følgjande skal vektleggjast i handsaming av søknadane:

 

  • Kvalitet og framdrift på søkjaren sitt kunstnariske arbeid fram til tidspunktet for søknad og søkjaren sitt kunstnariske potensiale for vidare utvikling.
  • Plan for opphaldet.
  • Vis eventuelt til kontaktar med institusjonar, nettverk etc.

 

Søknadane vert vurderte av administrasjonen og tildeling vert gjort av den nemnda som til ei kvar tid har fullmakta. Vurderinga skal skje i dialog med relevante kunstfaglige miljø.

Ordninga skal årleg rapporterast til spleiselaget.

HUSLEIGEREGLAR

Brukarane av husværet forpliktar seg til å setja seg inn i og å fylgja husreglane. Husreglane finn du HER.

Husværet ligg i tredje høgd i eit gamalt og sjamerande bygg. Det er enkelt møblert og skal forlatast i den stand det var ved innflytting. Eventuell skade på inventar må erstattast.

Feil og manglar skal snarast meldast Hardanger Kunstlag.
Huseigar har avtale med ein kontaktperson i Berlin for tilsyn og praktiske råd.

KART OG TRANSPORT

Husværet ligg rett ved S-banestasjonen Schöneberg som tek deg deg overalt, vidare til U-banen osb. Schöneberg er og eit eigna utgangspunkt for buss.

Tildelt opphald i 2020

Januar

Februar

Mars/April

Mai/Juni

 

 

Juli

August/

September/

Oktober

 

November

 

Desember

Benedicte Maurseth og Stein Urheim
Reidun Horvei
Lars Ove Seljestad
Aud Bækkelund ( 2 veker)
Vaktmeister ( 1 veke)

Torleif Bay
Kwestan Jamal Bawan
Kunstnar Eidfjord kommune
Benedicte Maurseth og Stein Utheim
Knut Hamre

Vigdis Nielsen (2 veker)
Silje Solvi
Ingunn van Etten (2 veker)
Benedicte Maurseth og Stein Urheim

KUNSTNARARKIV  2006 - 2020

Aud Bækkelund

Benedicte Maurseth

Stein Urheim

Annlaug Børsheim

Lars Ove Seljestad

Arild Helleland

Leander Djønne

Mari Skeie Ljones

Rannveig Djønne

Kwestan Jamal Bawan

 

Inger Elisabeth Aarvik

Jørn Kurt Bergo

Els Geelen

Rannveig Helen Lægreid

Silje Hveem

Grete Byrkjeland

Erlend A. Bolstad

Solbjørg Tveiten

Leif Ingvar Ranøien

Ingerid Jordal

 

Synneva Heradstveit

Lars Korff Lofthus

Johild Mæland

Randi Storaas

Ørjan Hartveit

Heidi Marie Vestrheim

Elisabeth Emmerhoff

Kristin Mulders

Sondre Bjørgum

Rigmor Hovland

 

Jorid Lekve Eide

Frode Halvorsen

Lillian Samdal

Judy Sirks Vevle

Ole Mads Sirks Vevle

Reidun Horvei

Solfrid Aksnes

Tone Tornøe

Eli Raa Nilsen

Kjell-Erik Ruud

 

Arnhild Litlerè

Anne Hesvik

Ådne Dyrnesli

Silje Fortun Solvi

Ingvild Ystanes

Kamilla Sajetz Mathisen

Ingeborg Blom Andersskog

Vilde Jensen Hjetland

Anna Einemo Frøysland

Kristian Tiller Torsvik

 

Fredrik Høstaker

Ingunn van Etten

Brit Aksnes

Inger Kristine Riber

Tone Tornøe

Eirik Bøen Gravdal

Marita V. Bratteteig

Ellen Harrison

Eli Gunnvor Grønsdal

Iben Mansfeld